Det aller næraste

 

Hei, eg heiter Mariell!

Eg er Mariell Øyre! Fotograf + gründer frå Sogn. Eg elskar sylteagurk, Chet Baker og italiensk popmusikk, og i tillegg til å vera bryllupsfotograf, så eig og driv eg eit bakeri i Lærdal, @fredagfretland.

Men du er her mest sannsynlig for å sjå på bryllupsbilder? Å finna ein god match? La meg presentere meg sjølv!

I år har eg jobba med bryllaup i 13 år, og eg har mista telling på kor mange eg har gjort (berre at det er tresifra). Eg er bryllupsfotografen som alltid kjem utstyrt med paracet, sikkerhetsnåler og matt pudder i veska. Eg elskar å vera ein del av eit team, og målet: å gi dykk ein nydeleg bryllupsdag.

Eg har jobba som bryllupsfotograf i 13 år i år, og det er mi største glede som fotograf. Det er ingenting finare for meg enn å sjå to personar gifta seg med kvarandre. Ein eksplosjon av kjensler etter månadsvis, årevis, med planlegging og nervøsitet. Å få vera ein del av det føles som den aller største gåva, og det er der eg tar mine beste bilder. I dei lommene med intimitet, med tårene, med smila, med VONDT I FJESET fordi ein er så glad. 

Eg bur i Lærdal i Sogn med min fine mann og mine to krøllehåra døtre. Eg er ledig for bookingar over heile landet og i utlandet. 

 

💌 Sagt om meg 💌

Ikkje av meg, altså! Av brudepara mine såklart!

Linda + Patrick

Det er fleire år sidan no, at vi gifta oss innerst i Norangsfjorden og Mariell var vår fotograf til å forevige dagen. Bilda vi sit igjen med er fortsatt så levande, så varme og så verdifulle for oss som dei var da vi var nygifte. Vi gjenopplev dagen når vi ser på bilda som Mariell tok. Ho fanga på magisk vis den kriblande litt små-nervøse stemninga da vi gjorde oss klare for vielsen, gleda og jubelen da vi endelig gikk ned "midtgangen" i hagen som nygifte og dei små gode augeblinka som skjedde i løpet av dagen. Korleis ho klarte å fange opp så mykje av dagen på kameraet er for meg ei gåte, denne dama kan verkeleg kunsten å berre gli inn i omgivelsane og vere på rett stad til rett tid. 

Mariell var så avslappande og fin å snakke med både før, under og etter bryllaupet. Ho ga oss sånn ro og tryggheit på at dette ville bli bra. Det er mange ting eit brudepar kan bekymre seg (ofte unødig!) for før eit stort bryllaup, men at fotograferinga ikkje skulle bli bra var ikkje ein av dei i det heile tatt. Vi kunne ikkje vore meir fornøgde, verken med jobben Mariell gjorde på sjølve dagen og med etterarbeidet. Tusen takk Mariell, hadde vi skulle gifta oss igjen så ville vi valgt deg som fotograf da også!

Ane + Joachim

«For oss var det eit lite snev av magi å ha Mariell i bryllaupet vårt. Eg, bruden, er stor fan av både ho og arbeidet hennar og å ha ho som vår ein heil dag kjentes som ein luksus! Mariell var som ein varm skugge i dagen - som var er umerkeleg, men likevel lagde ei ro. Og hadde omsorg – forslaget om å ta bilete med besteforeldra mine er eg uendeleg takksam for no.

Bileta er meir levande enn vi kunne forestille oss var mogleg. Alle desse augenblinka! Då vi fekk albumet var det som at ho hadde gjenskapt sånn vi OPPLEVDE dagen. Som om ho med kamera fanga kjenslene inni oss, korleis det heile kjentes ut og ikkje berre utsida. At det kan komme fram i bilete er noko av det beste i verda. Det lar oss komme tilbake til dagen og bæra den med oss alltid. Alle augenblink fanga i linsa, frå dei vi levde i sjølv, dei vi ikkje såg, og dei vi berre trudde kunne kjennest i hjartet men også – tydelegvis – kan bli fanga på film.»

Tina + Christine

“Mariell er så begavet! Hun fanger de åpenbare motivene, men også disse vel så viktige små øyeblikkene som ingen andre registrerer. Hun glir umerkelig rundt i rommet, men er alltid oppmerksom ovenfor dem hun retter linsen mot. Det var en fryd å bli fotografert av henne og ha henne i bryllupet vårt.”